Introduksjon

 Som mange vil forstå ut frå handlingsreferatet, er dette ein film av det slaget som er veldig lett å gripe til for lærarar. Temaet er viktig, både med tanke på jenter som viser tæl og greier seg i ei mannsverd, dyrevernaspektet ved kvalar og ikkje minst urfolksvinkelen. Når ein arbeider med filmer på skulen, er det likevel viktig å legge vekt på dei estetiske og forteljemessige sidane ved filmane. Vi korkje kan eller skal gløyme filmens tema, men bruk av film i undervisninga er bortkasta om filmen ikkje engasjerer eller tilfredsstiller (estetisk, forteljemessig). Tema/motiv skapar forventningar som det så er opp til filmskaparen å oppfylle gjennom kompetent estetisk og narrativt arbeid, og det er ved å gå dette arbeidet nærmare i saumane at ein finn ut kva filmen seier om temaet han tek opp.

Handlinga
Sidan Paikea kom ridande på ein kval i ei mytisk fortid, har første son i kvar generasjon etter han vore Whangarastammens hovding. Den noverande hovdingen, Koro, er uroleg for framtida, sidan eldste son hans, Pourourangi, korkje ser ut til å ha hug til å bli hovding eller har greidd å få ein son. Kona hans fødde ein son og ei dotter, men både son og kone døyr i barsel, og Pourourangi dreg bort ifrå stammen og børa som er lagt på akslane hans. Før han dreg, kaller han dottera Paikea (oftast forkorta til Pai). Ettersom Pai veks opp, vert det meir og meir klart at ho har dei eigenskapane som er turvande for å bli ein god hovding. Koro er i og for seg glad i barnebarnet sitt, men ser ikkje skrifta på veggen og leitar etter ein gut som kan overta for seg. Han framandgjer alle rundt seg medan Pai får hjelp av dei han kastar frå seg og kontakt med forfedrane. Situasjonen utviklar seg til akutt krise på fleire plan når ein flokk kvalar strandar. Koro er ute av stand til å løyse problemet og ser endeleg kva som bur i Pai når ho rir ein av kvalane ut til havs. Filmen sluttar med at Pai blir innsett som hovding.

Oppgaver

Oppgaver

 Å fortelle med metaforer
Å bli hovding på den måten Pai blir det, er å gå inn i ei historie så vel som å gå inn i historia. Soleis er soga om Paikea Apirana ein del av soga om Whangarastammen i tillegg til å vere soga om ei jente som greier seg i ei mannsverd. Maorikulturen er visstnok den eldste nolevande urfolkskulturen i verda, så det er ikkje småtteri Pai må bere på dei smale akslene sine. I historier, soger, forteljingar som er fortalte munnleg, skriftleg eller på film, brukar ein stadig vekk metaforar, symbol og andre nærskylde verkemiddel for å formidle poenget eller forskjønne soga. Dette veit både dei som står bak filmen og dei som er med i filmen (altså både Niki Caro og Koro). Denne filmen eignar seg godt til å gjere elevane merksame på filmatisk bruk av metaforar og symbol, vi skal sjå nøyare på ei scene der samspelet mellom filmens vesle forteljing om Pai og maorianes store forteljing om historia si er særskilt godt.

Det dreier seg om scena der Koro prøver å få start på ein påhengsmotor medan Pai spør han ut om historia deira. Ho spør om den Paikea som kom ridande på ein kval, og han svarar og viser stor forståing av at historia er ei soge, og det ei soge vi ikkje står utanfor. Han brukar eit nylonreip (som han treng til å starte motoren) som bilete på folket sitt frå Paikea og tidlegare til i dag: alle fibra i reipet må til - jamvel om dei er tynne og gebrekkelege kvar for seg, dannar dei ein sterk heilskap. Så skjer det plutseleg at han går ut av metaforen på bokstaveleg vis, og brukar reipet til å prøve å få start på motoren. Reipet ryk tvert av, og han seier det er ubrukeleg og går for å hente eit nytt. Då knyttar Pai saman tauendene, gjer eitt forsøk på motoren og får start med ein gong.

Denne scena er ufatteleg rik på symbolikk og element frå henne skapar resonans og djupne i så godt som heile resten av filmen. Bruk eitt eller fleire av dei følgjande punkta som startstad for å drøfte filmen med elevane:

Reipet
Den openbare staden å starte er kan hende med reipmetaforen. På eit punkt sluttar Koro å sjå på tauet som metafor, men det skal ikkje vi gjere. Jamvel i fleire stykke kan reipet representere maoriane. Koro og andre med han meiner at maoriane har hamna i eit uføre, noko som kan illustrerast av eit tau som har roke. Pai bind saman bitane av tauet, og i metaforisk forstand skal ein hovding vere ein samlande figur, ein (eller ei) som knytter folket saman.

Båten
Båten kan òg symbolisere folket, i denne scena er båten på land (nett som folket som er i eit kulturelt uføre) og kjem seg ikkje framover fordi motoren (eller kanskje hovdingtradisjonen) ikkje er i stand. Pai får start på motoren, men får ikkje båten framover. Om vi rettar blikket mot andre scener i filmen, ser vi at ein annan båt står på land, nemleg Pourourangis seremonielle kano. Denne hamnar til sjøs først heilt til sist, når han skal bere Pai som ny hovding. Viss vi ser på Pais motordugleik som eit teikn på at ho er eit godt hovdingemne (eller, om vi skal tillate oss ei religiøs lesing, at det er meininga at ho skal bli hovding), kan vi studere Koros reaksjon og samanlikne med innstillinga hans til meir konkrete døme på Pais hovdingdugleik. Når ho får start på motoren blir han sint og seier at dette må ho ikkje gjere fleire gonger, underforstått fordi motorar kan vere farlege og ikkje er noko for småjenter.

Taiaha og kunsten
Koro reagerer mykje på same måten når Pai syner seg å vere dugande med ein taiaha, denne gongen fordi bruken av taiahaen er heilag og underforstått ikkje noko for småjenter eller for den delen kvinner. Dei som vil gå vidare, kan sjå på Koros syn på Pourourangis kunst (?det er ikkje arbeid, det er suvenirar?) i samband med synet hans på bruken av taiaha. Stikkord her er seremoniell, ritualistisk, sakral, verdsleg. Kanskje han avviser Pourourangis kunst fordi kunst for han berre har verdi i religiøse samanhangar medan Pourourangi har glidd over i den verdslege delen av kunsten? Nærskyld med dette er taiahaen og Rawiris meisterskap med denne. Denne stokken har opphavleg vore eit våpen, mens Koro ser ut til å vere oppteken av rein oppvisning og heilagdom. Rawiri har vunne fleire konkurransar med dette våpenet, og sånt kan vi sjå på som ein meir moderne og fredsæl bruk - dette er ein kappestrid som ikkje endar med gravferd for taparen.

Hovdingmakta
For dei yngre elevane kan det kanskje vere vel så interessant å prøve å peike ut korleis Pai vert knytta til hovdingmakta gjennom filmen. Når Koro syklar henne til skulen, held ho seg fast i symbolet på hovdingmakta, ei kvaltann som heng om halsen på Koro. Vidare heiter ho det same som den opphavlege Paikea (som første kvinne i arverekka tår ho soleis for både tradisjon og fornying), som ho jamvel er direkte etterkommar av. Vi kan óg legge merke til at ho refsar dei eldre kvinnene for å røyke - maorikvinnene må ta vare på økslingsevna si og trygge framtida til folket. Dei eldre kvinnene peikar på at ho er sjefete, og det kan iallfall minne om ein leiareigenskap?

Tematikken i filmen
Om ein til slutt har lyst til å gå frå estetiske til tematiske aspekt ved filmen, gjev Whale Rider rikt grunnlag for dette. Sjølsagt kan ein diskutere kor lett eller vanskeleg det er for ei kvinne å lukkast i ei mannsverd, eller ein kan sjå på den andre hovudpersonen, Koro, og sjå korleis ein kan stirre seg blind på eit mål og gløyme å vere medmenneske. Den diskusjonen som er mest interessant kan ein kanskje få viss ein snakkar om korleis ein eldgammal kultur kan eller bør overleve. Bør han forsøke å bevare alt sånn som det har vore, og i så fall sånn det var på kva for eit tidspunkt? Er det større sjanse for overleving viss kulturen iallfall i viss mon føyer seg etter notida? Trur vi etter å ha sett filmen at Whangarastammen har mista eller vunne noko ved å ta Pai til hovding? Ei utfordring er dessutan å be elevene om å tenkje på tradisjonar som tilhøyrer deira eigen kultur, og korleis dei blir ført vidare. Tek dei sjølv tak i dei, slik som Pai i filmen?

Kompetansemål

Fag/tema

 Fag: Samfunnsfag , Norsk , Engelsk
Tema:Miljøvern og naturvitenskap, Kulturmøter/-konflikter, Oppvekst/familie, Likestilling/kjønnsroller